Dette er ein enkel, men spennande oppgåve i kryssingsfeltet mellom kunst & handverk og naturfag. På leiting etter materiale i naturen til kunstverket, blir ein merksam på detaljane, fargane og teksturen i naturen. Ein ser variasjonen, og det kan igjen knytast til biologisk mangfald.